Åslaug Ommundsen

BFS-prosjekt: From Manuscript Fragments to Book History. Norway and the European Manuscript Culture 1100-1300.
Periode: 2012-2016
Institutt: Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Dr. Åslaug Ommundsen var prosjektleiar og forskar ved BFS-prosjektet «Frå Handskriftsfragment til Bokhistorie» (2012-2017). Ommundsen er primært mellomalderlatinist, men har spesialisert seg innanfor handskriftsstudium og paleografi. Ho tok hovudfag ved Universitetet i Bergen i 2000 med ei oppgåve om eit karolingisk verk om bruk av religiøs biletkunst, Opus Caroli regis. I nær ti år, frå 2003 til 2012, var ho tilknytta Senter for Mellomalderstudium (CMS) i Bergen. Der fullførte ho ei doktoravhandling i 2007 (Books, scribes and sequences in medieval Norway) og eit post-doktor-studium i 2012. I tillegg til norske mellomalderfragment har Ommundsen arbeidd med og publisert artiklar om klosterhistorie, helgenkult og hagiografi.